Introduksjon

Hei medstudentar.

Eg heiter Ingrid. Eg studerer master i norsk på heiltid, og kjem rett frå grunnskolelærarutdanninga (5.-10. trinn). Frå GLU har eg 60 studiepoeng i norsk, og 60 studiepoeng i samfunnsfag.

Frå eg begynte på lærarutdanninga, visste eg at eg skulle ende opp på masterstudiet. Eg har alltid elska norsk. Eg lever for norsk. Eg har lengta etter denne hausten gjennom 60 studiepoeng i pedagogikk og 60 i samfunnsfag. Eller i alle fall 45 i pedagogikk. Bacheloroppgåva mi handla vel strengt tatt om norsk. Eg skreiv om fagleg sterke skrivare på ungdomstrinnet, og det trur eg kanskje eg skal skrive masteroppgåve om også. Viss ikkje det blir noko om respons på elevtekstar. Eg får sjå.

Kommenter innlegget