Utforskande læring om artsobservasjonar

I boka Grønne greier: om natur og miljø og sånt av Ole Mathismoen og Jenny Jordahl merka eg meg dette oppslaget:

For er ikkje dette eit strålande utgangspunkt for å lære meir om ulike artar? Til dømes sånn som dette:

Artsobservasjonar i nærmiljøet

Starte med å lese s. 67 i Grønne greier. Har klassen spørsmål til oppslaget? Kva med oppslaget er mest interessant? Denne veka skal klassen gå på tur og ta bilder av alle artane me observerer i friluftsområde rundt skulen. Etterpå skal me bruke tid på skulen til å finne ut av kva artar det og registrere observasjonane på artsobservasjoner.no. Me kan bruke bøker, internett og appen Artsorakelet for å finne ut kva artar me har observert. I slutten av prosjektet skal me lage veggplakatar med artane me har observert rundt skulen. Plakatane skal henge i ganga på skulen så andre på skulen kan lære om artane som lever i området.

Alternativt kan klassen lage ei nettside i staden for veggplakatar.

Ei anna moglegheit er å skrive rapportar. Kvar rapport kan fortelje om kva artar som blei observert, kor dei blei observert, kor mange av kvar art som blei observert, bilder av observasjonane og litt informasjon om kvar art – som til dømes namn på norsk og latin, storleik, habitat, familie, osb.

Kommenter innlegget