Rita Felski: Art and Attachment

I boka Hooked: Art and Attachment prøver Rita Felski å forklare kva det er som gjer at me oppsøker kunst, kva som kjenneteiknar møte med kunst og kva som skjer med desse møta i klasserommet. Sidan eg forskar på litteraturundervisning vil eg i det følgande relatere det Felski skriv om i Hooked til litteratur, sjølv om ho skriv om kunst forstått både som litteratur, film, musikk og visuell kunst. Boka består av eit introduksjonskapittel og fire kapittel. Det første kapittelet handlar om tilknyting (attachment), deretter kjem eit kapittel om kvar av dei tre tilknytningstypane (attachment devices): resonans (attunement), identifisering (identification), tolking (interpretation).

Tilknyting (attachment)

I kjernen av Hooked står omgrepet tilknyting (attachment). Felski presenterer tilknyting både som ein motpol til og ein kritikk av den distanserte litterære analysen som er eit slags ideal i litteraturvitskap. Når eg snakkar med ein ven om ei bok eg har lese, vil det eg seier ofte vere prega av tilknytinga mi til boka: eg liker ho, det er ei spennande bok, eg kan relatere meg til ho. Men når eg skriv ein analyse vil eg prøve å skyve denne tilknytinga til side og framstå som distansert og objektiv. Felski påstår at dette skiljet er kunstig, og at litteraturvitarar kanskje til og med er meir knytte til boka. Det er slett ikkje tilfeldig kva bok ein litteraturvitar vel å analysere, og i det tidkrevjande arbeidet med analysen blir ho svært godt kjend med boka. Her er det likevel viktig å påpeike at Felski si tilknyting ikkje naudsynt handlar om å like ei bok. Det kan like godt vere negative kjensler som gjer at du blir knyta til ei bok: denne boka provoserer, ho er tankevekkande, ho stadfestar fordommane og verdsbildet eg alt har, osb. Tilknyting kan også handle om meir enn kjensler:

  • Institusjonell tilknyting: norsklæraren som kvart år seier: «På 10. trinn skal me lese Et dukkehjem
  • Kognitiv tilknyting: Hooked av Rita Felski har lært meg nye måtar å tenke på litteratur på.
  • Etisk eller politisk tilknyting: normer og haldningar som gjer at eg reagerer annleis på Knausgårds Min kamp enn det du gjer.

Tilknytningstyper (attachment devices)

Felski presenterer tre tilknytningstyper (attachment devices);tre formar for tilknyting:

  • (attunement): kvifor nokre bøker talar til oss, men ikkje andre.
  • Identifisering (identification): å kjenne ei tiltrekking basert på ein form for likskap. Det er fire typar tilknyting: posisjonering, tilhøyrsle, gjenkjenning og empati.
  • Tolking (interpretation): når me lærer å lese bøker på nye måtar eller les andre typar bøker enn me er vande med kan det endre karakteren av tilknytinga vår. Til dømes: Eg syntest Peer Gynt var ein sjølvopptatt dritsekk, men etter å ha sett Det norske Ibsen-kompaniet sin oppsetting i Fjæreheia har eg fått ein ambivalent sympati for Peer og ein ny interesse og nysgjerrigheit for Peer si verd.

Stemming (attunement)

Felski skildrar det å vere stemt som ei tiltrekking som er vanskeleg å setje ord på, men umogleg å ignorere. Ho listar opp tre grunnar til korleis me blir stemte:

1. Oppvekst og miljø: Eg har vekse opp i kyrkja, og det er noko med salmesong og orgel som berre kjenst rett. Omtrent som dette:

2. Omskaping av smak gjennom (formell og uformell) utdanning: Då eg introduserte elevane mine i 10. klasse for Kiellands Karen var ikkje akkurat møtet prega av stemming. Men noko endra seg etter kvart – best skildra av ein elev i form av ein meme (som eg skamløyst har kopiert):

3. Stemming som kjem ut av ingenting: Eg har vekse opp i kyrkja, og likevel blei eg djupt gripe av noko i Dimmu Borgirs Allehelgens død i Helveds rike då eg høyrde songen for første gong som 15-åring. Denne plutselege stemminga kan kanskje best bli beskriven sånn:

Stemming kan også oppstå litt på etterskot. Det tar til dømes litt tid å lese ei bok, og eg bruker ofte litt tid på å la boka «søkke inn» etterpå. Felski påpeiker også at tilknyting kan endre seg over tid. Ho skriv at tilknyting sjeldan er reine resultat av éin av grunnane som er lista opp ovanfor, men ofte heller oppstår i eit samspel: «they are cocomposed» (s. 53).

Identifisering (identification)

Identifisering er å kjenne ei tiltrekking basert på ein form for likskap. Me kan identifisere oss med fleire aspekt av eit kunstverk. I ei bok kan me til dømes identifisere oss med ein karakter sin livssituasjon, erfaringar, utsjånad, kjensler eller liknande. Me treng ikkje vere heilt like for å identifisere oss med nokon.Til dømes kan eg identifisere meg med korleis Emil frå Lønneberget alltid hamnar i trøbbel fordi han ikkje tenker seg om, sjølv om eg er ein vaksen kvinne som bur i ein by og aldri har spikka ein einaste tremann. Det å kjenne seg igjen i ein karakter betyr heller ikkje at ein treng å like karakteren. Tvert imot kan identifisering føre til endring fordi me kjenner oss igjen i usympatiske trekk ved ein karakter, som til dømes negative haldningar, eigenskapar eller oppførsel.

Felski presenterer fire typar identifisering:

  • Posisjonering (alignment): kven sitt perspektiv vil boka at me skal sjå forteljinga frå?
  • Tilhøyrsel (allegiance): kven i boka me heier på eller føler solidaritet med
  • Gjenkjenning (recognition): me kjenner oss igjen i nokre karakterar, men ikkje andre
  • Empati (empathy): å føle med eller for andre

Ofte vil posisjoneringa også påverke tilhøyrsel, men ikkje alltid. Til dømes blir Harry Potter fortald frå Harry sitt perspektiv, og folk flest vil også heie på Harry. American Psycho blir fortald frå Patrick Bateman sitt perspektiv, men likevel vil dei færraste heie på eller føle solidaritet med han.

Felski skriv også om ironisk identifisering: å kjenne seg igjen i ein karakter si kjensle av framandgjering, utanforskap eller distansering. Til dømes til stemninga i Sult av Knut Hamsun, eller med karakterane i The Addams Family som samfunnet ikkje vil ha noko med å gjere og som heller ikkje vil ha noko å gjere med samfunnet.

Tolking (interpretation)

Felski bruker actor network theory (ANT) i forsøket sitt på å forklare kva estetiske erfaringar er og korleis dei oppstår. Ein kort og omtrentleg forklaring er at det ein slags måte å forklare korleis aktørar (actors) eksisterer gjennom nettverk (networks). Ein aktør er alt som utgjer ein forskjell ved å eksistere, som til dømes ullsokkane mine som gjer føtene mine varme. Eit nettverk er fleire aktørar som jobbar saman. Ifølge ANT kan ting nemleg berre eksistere via relasjonar. Ullsokkane mine, til dømes, ville ikkje eksistert viss det ikkje hadde vore for ein heil haug med aktørar: meg, som strikka sokkane; mamma, som lærte meg å strikke; lastebilen som frakta garnet til garnbutikken eg kjøpte det i; ei rekke maskinar på spinneriet som produserte garnet – og så bortetter. Sidan alt teller, gir ANT høve til å utforske samanhengar ikkje berre i teksten, men også (tilsynelatande) utanfor. Til dømes kan det vere mange grunnar til at det ikkje oppstår stemming mellom ei bok og meg som verken har med boka eller meg å gjere: kvar gong eg prøver å lese ringer telefonen; boka fall ut av veska mi; ein god ven påpeikte alt som er negativt med boka før eg fekk lese ho ferdig.

Alt heng saman, og dermed er estetiske erfaringar noko som blir forma – ikkje berre følt. Gjennom å lære å analysere og tolke kan me oppdage nye sider ved ein tekst og sette pris på han på nye måtar. Sånn som i dømet med elevane mine og Kiellands Karen. Men også Felski skjønner at tolkingsarbeidet i praksis blir umogleg når alt heng saman med alt. Difor føreslår ho følgande alternativ:

– Nettverk i litteratur (networks within literary works): leite etter nettverk i teksten, altså undersøke kva som heng saman med kva. Alle aktørar er like viktige i ANT, noko som tvinger oss bort frå den sorteringa og klassifiseringa mange er vande med. Denne måten å jobbe på kallar Felski ein nærlesing som ikkje er spesielt djup, sidan resultatet gjerne blir å skildre nettverk heller enn å forklare samanhengane.

– Litteratur i nettverk (works within networks): å studere éi bok isolert krasjar eigentleg med tanken om at ting berre eksisterer via relasjonar. Difor bør me ikkje analysere boka for seg sjølv som noko som representerer røynda, men heller undersøke korleis boka og lesaren saman skapar nye røynder.

Sjølv plasserer Felski seg midt mellom dei to tilnærmingane ovanfor, i det ho omtalar som eit mellom-skala work-net der fokuset er:

  • relasjonane rundt litteraturen: til dømes ein boksirkel eller Ringenes Herre-fans
  • korleis forteljingar oppstår i møte mellom bok og lesar: til dømes krangla ein ven og eg om kven som eigentleg var helten i ei bok me begge hadde lese. «Du har tydelegvis lese ei heilt anna bok enn meg», sa han. Og det hadde eg jo, på ein måte.
  • litteraturens affordans: dei unike moglegheitene som berre litteratur tilbyr, sånn som til dømes å kunne sjå inni hovuda til andre menneske

Kommenter innlegget