Literacy-ordliste

Kjære medstudentar. Kommenter gjerne så eg kan bli klokare.

Literacy vs. literacies

Literacy er meir enn å berre kunne lese. Literacy er å kunne bruke tekst, å kunne reflektere rundt tekst. Når me brukar literacies snakkar me om fleire typer literacy. T.d. kan det å kunne bruke, å mestre, formelle tekstar som ein søknad, CV eller eigenmelding, vere ein ganske annerledes kompetanse enn å kunne bruke dikt og poesi.

Literacy og makt

Me seier at kunnskap er makt, og litt sånn er det med literacy óg. Det ligg makt i å kunne rå over eit bredt spekter av ulike skriftlege og munnlege sjangre.
Les mitt lange innlegg om literacy og makt her, og forklaringa til Hanne her.

Den autonome og den ideologiske modellen for literacy

Den autonome (tradisjonelle) modellen for literacy forklarar at literacy i seg sjølv gjer at eit samfunn utviklar seg. Literacy er ein tillært evne. Ein ideologisk modell meiner at det er bruken av literacy som fører til endring, ikkje literacy i seg sjølv. Litarcy er ein sosial prosess.
Les forklaringa til Cecilie her, og forklaringa til Katrine her.

Definisjonar av literacy, med særleg vekt på Bartons definisjon

Sjå kva eg har skrive over om den autonome og den ideologiske forståinga av literacy. Barton ser literacy som gjennomgripande i kvardagen. Han snakkar også om uttrykk som economic literacy og computer literacy, noko som gjer at forslaget om å omsetje literacy på norsk til tilgangskompetanse kanskje ikkje er så dumt.
Les forklaringa til Tor her.

Literacy som aktivitet

«Literacy events» (lesehendingar) er når me brukar lesing og skriving i dagleglivet. Det kan vere aleine (lese posten, sjekke når bussen går), eller saman med andre (diskutere ein kronikk, tilrå ei bok). Alle har ulike vanar når det kjem til lesing, forskjellige måtar å lese og å tenkje om lesing. Desse vanane er i forandring kvar gong me har lesehendingar saman med andre menneske og møter vanane dei har.
Les forklaringa til Christine her, og forklaringa til Julie her.

Individet og det sosiale i spørsmålet om literacy

Ingen literacy oppstår av seg sjølv. Me lærer å lese, tenkje og tolke av andre menneske, og slik er det sosiale ei viktig påvirkning i den enkeltes personlege literacy.

New Literacy studies

New literacy studies beveger seg frå ein autonom modell (sjå forklaring lenger oppe), mot ein meir ideologisk modell der ein tar omsyn til sosial og kulturell praksis.
Les forklaringa til Heidi-Mari her, forklaringa til Janniche her, og forklaringa til Randi her.

Ein tanke på “Literacy-ordliste

  1. Tommel opp, spesielt for «lesehendingar»- delen!
    I «Literacy og makt» tenker eg straks på det å vere funksjonelt analfabet – ein kan lese, men er ikkje i stand til å forstå det ein les.
    Barton omtalast nokså sparsommeleg i mi forklaring… Anyone!

    Likar

Kommenter innlegget