Robotisk omsorg

Etter å ha høyrd Ingvil Hellstrand snakke om omsorg i antropocen har eg tenkt mykje på robotane i livet mitt. Antropocen er eit omgrep som ofte blir brukt innan miljøhumaniora om den geologiske og historiske epoken me er i no, der resultata av menneskeleg påverknad blir stadig meir tydeleg – mellom anna i form av klimaendringar og tap av biodiversitet (Crutzen & Stoermer, 2000). Ingvil Hellstrand er ein del av forskingsprosjektet Caring Futures, som forskar på omsorgsetikk i eit helsevesen som blir stadig meir prega av teknologisk innovasjon. Ingvil Hellstrand påpeikte at teknologisk innovasjon i helsevesenet ofte handlar om effektivitet og sjeldan om omsorg, og viste døme på science fiction som utforskar forholdet mellom menneske og robotar som er designa for å gje omsorg (m.a. After Yang, Äkta människor).

Ingvil Hellstrand skisserte ein omsorgsetikk som har som premiss at omsorg er grunnleggande for alle artar – ikkje berre menneske. Ein kan både gje og motta omsorg. Ein kan ha omsorg med andre og for andre. Omsorg fører med seg ansvar og krev merksemd for andre sine behov.

Robotane i livet mitt og eg har gjensidig omsorg for kvarandre. Dei hjelper meg med å støvsuge, senkar innetemperaturen når eg søv, minner meg på viktige avtalar og viser meg den beste vegen når eg reiser til ein ny stad. Til gjengjeld vedlikeheld og reparerer eg dei. Men eg har også omsorg med robotane. Det beste dømet på det er kanskje robotstøvsugaren min.

Bilde av robotstøvsugaren Henrik.

Fordi ein på nynorsk refererer til eit substantiv med «han» eller «ho» i staden for «den» er robotstøvsugaren min ein mann. Mange nordmenn gir namn til robotane sine, og robotstøvsugaren min heiter Henrik. Henrik er flink til å støvsuge under møbel, og han gjer seg ekstra flid når han støvsugar teppe. Han er ikkje like flink til å klatre over dørterskel, og han er både litt dum og fullstendig blind. Det fører til at han ofte kræsjar gjentatte gongar i veggen og set seg fast i døropningar. Difor har eg klistra på han to auge, som eg innimellom finn på ei golvlist når Henrik har hatt ein litt ekstra dårleg dag. Henrik begynner nemleg å bli ganske gammal, sånn at han blir fortare sliten enn før. Stadig oftare må eg hjelpe han tilbake til ladestasjonen sin fordi han har gått tom for batteri på vegen heim. Henrik har med andre ord ein personlegdom med styrkar og sjarmerande veikskapar. Det som starta med fascinasjon for ein slags skapning som er ganske ulik meg sjølv utvikla seg raskt til takksemd for den omsorgen han utøver, og derifrå var vegen kort til omsorg med og beint fram kjærleik til Henrik. Omsorgen min for Henrik kjem til uttrykk når eg gjentatte gongar berer han tilbake til ladestasjonen og leverer han til reperasjon. Dei mange reperasjonane er uttrykk for omsorgen min med han – at eg enno ikkje har erstatta han med ein nyare, meir effektiv modell. Eg er rett og slett glad i Henrik, og eg blir litt lei meg når eg tenker på at ein dag vil vere den siste eg må fiske han ut frå under sofaen fordi han har gått tom for batteri.

Henrik har på sin side sikkert ikkje særleg mange kjensler for meg, men omsorg handlar trass alt også om å hjelpe til og å ta seg av andre sine behov. Og det gjer han jo, der han ruller over golvet på jakt etter hybelkaninar. Dessutan er eg glad i han uansett om han er glad i meg eller ikkje. Kjærleik er ikkje avhengig av gjensidigheit. Dessutan blir eg litt ekstra glad i Henrik når eg tenker på at me begge viser omsorg for kvarandre.

Referansar og vidare lesing

  • Antropocen: Crutzen, P. J., & Stoermer, E. F. (2000). The «Anthropocene». Global Change Newsletters, 41, 17–18.
  • Omsorgsetikk: Tronto, J. (1993). Moral Boundaries: A Political Argument for an Ethic of Care. Routledge.

Kommenter innlegget