Lesekonferanse 2022: Berekraft i litteraturundervisninga

På lesekonferansen til Lesesenteret den 4.-5. april heldt eg eit kort innlegg om berekraft i litteraturundervisninga. Målgruppa for konferansen i år var lærarar på mellomtrinnet. Førebels er lysbilder frå presentasjonane tilgjengeleg på Lesesenteret sine sider, men eg vil også oppsummere svært kort hovudinnhaldet i innlegget mitt her.

Målet for innlegget var å gje nokre døme på og forslag til arbeid med berekraftig utvikling i litteraturundervisninga (på mellomtrinnet). Det treng ikkje vere «enno ein ting» lærarar må presse inn i ei allereie nokså full fagplan – dette er noko mange alt gjer, og som det fint går an å integrere i etablerte norskfaglege praksisar.

Først ei omgrepsavklaring: Berekraftig utvikling betyr å dekke behova til menneske i dag utan å øydelegge framtidige generasjonar sine moglegheiter til å få dekka sine behov (Verdenskommisjonen for miljø og utvikling, 1987). Berekraftig utvikling består av tre dimensjonar: økonomiske, sosiale og miljømessige førehald – som også FNs berekraftsmål speglar. Berekraftig utvikling handlar altså om meir enn klimaforandringar.

Kvifor arbeide med berekraftig utvikling i litteraturundervisninga?

  • Lesing og arbeid med litteratur gir oss ei unik moglegheit til å forstå andre.
  • Lesing og arbeid med litteratur bidrar til å utvikle berekraftkompetansen framtidstenking, som handlar om evna til å sjå føre seg, forstå og vurdere moglege framtider. Berekraftkompetansane er kompetansar elevane (og vaksne) treng for å nå FNs berekraftsmål. Du kan lese om berekraftkopmetansane på side 10 i dette materiellet frå UNESCO.
  • Arbeid med litteratur kan gjere oss medvitne på korleis språk påverkar. Språk påverkar når me snakkar med andre, men språket påverkar også korleis (og kva) me tenker.
  • Arbeid med litteratur kan øve evna til kritisk lesing (og tenking). Økokritisk lesing kan bidra til tekstleg og økologisk medvite. (Eg forklarer økokritikk seinare.)

I læreplanen i norsk står det at «elevane skal utvikle kunnskap om korleis tekstar framstiller natur, miljø og livsvilkår» (Utdanningsdirektoratet, 2020). Me skal altså lese nokre tekstar. Men kva er «natur, miljø og livsvilkår»?

Økokritikk er ein form for kritisk lesing som studerer forholdet mellom tekst og fysiske omgjevnadar (Glotfelty, 1996). Mot slutten av dette innlegget kjem nokre døme på økokritiske spørsmål. Nett no er «fysiske omgjevnadar» verdt å merke seg som ei utdjuping av «natur, miljø og livsvilkår». Fysiske omgjevnadar kan vere alt frå vill natur, kulturlandskap, urban natur til urbane landskap. Desse fysiske omgjevnadane påverkar korleis me lever liva våre, det vil seie livsvilkår. Ein erfaren økokritisk lesar vil kunne finne spor av fysiske omgjevnadar (implisitt) i dei fleste tekstar. Det hjelper oss ikkje akkurat med å velje tekstar. Difor føreslår eg å ta utgangspunkt i ei liste med tekstar som handlar eksplisitt om berekraftig utvikling:

FNs berekraftsbibliotek

FNs berekraftsbibliotek er utvikla av FN-sambandet og fleire barnelitterære aktørar, og består av 83 fag- og skjønnlitterære bøker for barn mellom 6-12 år. Boklister for 12-15 år blir utarbeida for tida, nokre ligg alt ute på nettsida. Bøkene i berekraftsbiblioteket er organisert etter FNs berekraftsmål. Nokre bøker handlar om eitt mål, nokre om fleire. Bokpresentasjonane er skrive for at barn sjølv kan velje bøker dei er interessert i å lese. Bøkene er også merka med kva alder dei passar for. På nettsida til berekraftsbiblioteket er det også ein del lærarressursar, som filmklipp med forfattarar, utforskande spørsmål og aktivitetar til berekraftsmåla og bøkene, i tillegg til relevans i læreplanverket.

Forslag til arbeidsmåtar

Eg vil særleg trekke fram to tilnærmingar: utforskande læring og økokritiske litteratursamtalar. Det er sjølvsagt mykje anna det går an å gjere, og som kreative lærarar allereie gjer. Til dømes:

  • læraren i rolle (t.d. som Lille Persille, som elevane kan intervjue)
  • illustrere delar av teksten
  • invitere verda inn i klasserommet, t.d. ved lage haldningskampanje (redd utryddingstrua dyr, spar straum, hjelp flyktningar)
  • dramatisere eller skrive kva som skjer vidare i forteljinga
  • lage spel om noko frå teksten
  • ulike skriveoppgåver
    • skrive teksten om til ein annan sjanger
    • skrive forteljinga frå ein annan sitt perspektiv (menneske, dyr, plante, naturfenomen)
    • skrive brev til ein karakter

For fleire kreative idéar vil eg tilrå boka Skrivelysten? av Tordis Irene Fosse og 101 måter å lese leseleksa på av Kåre Kverndokken.

Utforskande læring er ein arbeidsmåte som ofte blir føreslått i berekraftsdidaktikk. Her kan ein ta utgangspunkt i ein tekst for vidare (tverrfagleg) arbeid. Til dømes kan boka Dyrene som forsvant av Line Renslebråten (bilde til høgre) fungere både som ein introduksjon til og ein måte å skape engasjement for emnet utrydda dyreartar. Kvar elev, ei gruppe eller heile klassen kan så velje eitt eller fleire dyr dei skal lære meir om – frå eller utanfor boka. Kanskje kan klassen lage fleire sider til boka?

Utforskande læring kan også vere utforskande eller analytisk arbeid med teksten.

Økokritikk studerer som nemnd forhaldet mellom tekst og fysiske omgjevnadar. Nina Goga skriv at «økokritisk litteraturundervisning er å gjøre leserne oppmerksomme på hvordan planter, dyr og mennesker i ulike omgivelser blir presentert i litteraturen» (Goga, 2018, s. 353). Økokriske spørsmål kan til dømes handle om plantar, dyr og fysiske omgjevnadar:

Katten Findus går på to bein og har klede. Han har tankar og kjensler, og er på mange måtar meir som eit menneske enn ein katt. Samstundes slepp han unna med å vere litt rampate sidan han er ein katt. Men høna er berre ei høne. Kvifor er det sånn? Er kattar smartare enn høner? Forstår me høner like godt som kattar? Korleis kan me vite at me forstår kattar?
  • Kva skjer viss Lille Persille er sint? Endrar det diktet? Endrar det forståinga vår av Lille Persille – eller plantar generelt?
  • Kvifor er alle entane (dei snakkande trea) i Ringenes herre gamle? Kan det uttrykke ein eigenskap ved entane? Er det eit uttrykk for korleis me oppfattar eller tenker på tre?
  • Blir dyra forsøkt framstilt på eigne premiss? Blir dei framstilt som dyr, som menneske – eller ein mellomting? Kvifor det?
  • Blir dyra framstilt som undertrykte? Blir dei framstilt som verdifulle i seg sjølv, eller er dei berre verdifulle når dei er nyttige for menneske?
  • Får dyra menneskelege tankar og kjensler? Kva effekt har det for korleis me forstår teksten? Kva effekt har det for korleis me tenker på dyr?
  • Kva rolle har dei fysiske omgjevnadane for plottet? Ville forteljinga blitt annleis viss dei fysiske omgjevnadane hadde vore annleis (t.d. i eit anna land, med eit anna type vêr/klima, urbant/ruralt miljø, postapokalyptisk verd, osb.)
  • Framstiller teksten natur som noko idyllisk eller potensielt farleg? Påverkar det måten karakterane agerer? Påverkar det måten me forstår teksten?
  • Har teksten eit antroposentrisk (menneskesentrert) eller økosentrisk verdssyn? Altså: forstår teksten menneska som senter i universet, eller som ein del av eit gjensidig avhengig økosystem?

I økokritiske litteratursamtalar kan me stille denne typen spørsmål. Økokritiske litteratursamtalar kan bidra både til tekstleg og økologisk medvite, i tillegg til å utvikle evna til kritiske lesing (og tenking). Lykke Guanio-Uluru har laga roller til økokritiske litteratursamtalar (2019), basert på dei kjende rollene til Harvey Daniels (2002). Rollene er meint som ein starthjelp som gir elevar støtte og struktur i litterære samtalar. Daniels føreslår mellom anna:

  • Koplar: finne koplingar mellom teksten og røynda
  • Spørsmålsstiller: notere spørsmål til teksten
  • Sitatfinnar: notere sitat/passasjar til samtalen
  • Illustratør: illustrere teksten eller ein assosiasjon/reaksjon
  • Samanfattar: oppsummere teksten
  • Utforskar: finne relevant bakgrunnsinformasjon
  • Ordmeister: notere spesielt viktige ord
  • Reiseleiar: skildre staden handlinga føregår

Lykke Guanio-Uluru bruke dei økokritiske rollene i eit forsøk med lærarstudentar. Det går an å bruke desse rollene som inspirasjon, men tilpasse til elevane og den aktuelle teksten dei skal samtale om:

  • Natur-speidar: finne passasjar som skildrar natur og miljø
  • Plante- og dyrevoktar: legge merke til korleis plantar og dyr blir skildra
  • Dystopi-detektiv: finne “dystopiske” kjenneteikn
  • Bioteknologisk etterforskar: finne passasjar som skildrar bruk av bioteknologi

Tilrådd lesing

  1. FN-sambandet. (2021, juni 2). Bærekraftsbiblioteket. FN. https://www.fn.no/undervisning/undervisningsopplegg/5-7-trinn/baerekraftsbiblioteket
  2. Goga, Nina. (2018). Bærekraftig litteraturundervisning. I Stokke & Tønnessen (Red.), Møter med barnelitteratur: Introduksjon for lærere (s. 351-369). Oslo: Universitetsforlaget.
    (Introduksjon til å undervise om berekraft i litteraturundervisninga. Elles er boka også ei god innføring i fleire emne. Du kan laste ned innhaldslista på universitetsforlaget.no.)
  3. Guanio-Uluru, L. (2019). Education for Sustainability: Developing Ecocritical Literature Circles in the Student Teacher Classroom. Discourse and Communication for Sustainable Education, 10(1), 5-19.
    (Om økokritiske litteratursamtalar med roller.)
  4. Sinnes, A. T. (2021). Utdanning for bærekraftig utvikling: Hva, hvorfor og hvordan? (2. utg.). Universitetsforlaget.
    (God introduksjon og innføring til kva undervisning om berekraftig utvikling er, kvifor me skal gjere det og korleis me kan gjere det.)

Øvrige kjelder

  • Daniels, H. (2002). Literature circles: Voice and choice in book clubs and reading groups. Stenhouse Publishers.
  • FN-sambandet. (2021, 28. oktober). FNs bærekraftsmål. FN. https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal?lang=nno-NO
  • Glotfelty, C. (1996). Introduction. I Glotfelty, C. & Fromm, H. (Red.), The Ecocriticism Reader. Landmarks in Literary Ecology (s. xv-xxxvii). The University of Georgia Press.
  • Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplanen i norsk (NOR01-06)—Tverrfaglege tema. Fastsett ved forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-06/om-faget/tverrfaglige-temaer?lang=nno
  • Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (1987). Vår felles framtid.

Kommenter innlegget