Halliday: systemisk-funksjonell lingvistikk (SFL)

mak-halliday
Nokre gonger er eg litt sur på Halliday for at han lagde ein så vanskeleg teori.

SFL er kjempevanskeleg å forstå, så eg skal prøve å forklare det så enkelt som mogleg. Kanskje det gjer at eg også forstår det.

SFL er eit eiget språksystem, eller ei måte å sjå språket på. I staden for å sjå på til dømes ordklasser og morfologi, ser ein på kva ein vil med språket: Kva vil eg seie, og korleis vil eg seie det?

Det er 3 funksjonar til stade i språket til einkvan tid.
(Difor seier Halliday at språket er fleirfunksjonelt.)

Ideasjonell funksjon: Ei statusoppdatering på Facebook ser heilt annleis ut enn ein jobbsøknad (får me håpe). Forskjellig publikum og emne gjer noko med skrivemåten din. I det ideasjonelle har språket ein representativ og reflekterande funksjon.

Mellompersonleg funksjon: Ein tekst – særleg ein munnleg tekst – er ikkje berre ord, men samhandling mellom forfattar/talar og eit publikum. Når me snakker saman, tar me hensyn til (den) andres reaksjonar på det me seier. Viss eg trur at den eg snakkar med ikkje skjønner kva eg seier, vil eg kanskje forklare ein gong til, bruke andre ord, eller til og med eit anna språk. I det mellompersonlege har språket ein handlande og interaktiv funksjon.

Tekstuell funksjon: Nokre gonger vil mediet ein tekst er formidla i spele inn på forståinga vår av teksten. Det er til dømes forskjell på å lese ei papiravis og ei nettavis. Artikkelen kan vere den same, men på nett blir sakene trykka fortløpande, og mange artiklar har opne kommentarfelt. I tillegg har kanskje nettavisa reklame som blinkar rundt saka og lenker til andre liknande saker i teksten. Den tekstuelle funksjonen skapar samanheng mellom den ideasjonelle og den mellompersonlege funksjonen.


Halliday er også opptatt av situasjonskonteksten:
Han meiner det finnes 3 kategoriar som speler inn på situasjonskonteksten (situasjonskontekst=kva påverkar din forståing av ein tekst).

  1. Felt: Kva er det som skjer i samtalen? Er det nokon som snakkar saman eller på andre måtar samhandlar? Ein skriven tekst er også ein samtale mellom forfattar og lesar.
  2. Relasjon: Kven er det som deltar i samtalen? Korleis er statusen til deltakarane, relasjonane mellom dei, og kva roller har dei? Det er til dømes stor forskjell på forklare noko til ein klassekamerat og å forklare noko til ein du er sjef for.
  3. Mediering: Kva rolle speler språket i samtalen? Kva rolle speler teksten sin status/funksjon? Bibelen og en bolleoppskrift har til dømes svært forskjellig status og funksjon. Er medium for teksten (som i dømet med avisartikkelen), eller den retoriske forma viktig?

Eg er fortsatt ikkje sikker på om eg har forstått Halliday riktig, det kan virke som om forskjellige omsetjingar brukar litt ulike ord, i tillegg til at nokre av begrepa handlar om mykje av det same. Katrine, eg veit du les dette, plis kommenter viss det er noko som skurrar eller du har skjønt noko eg ikkje har.

Kommenter innlegget