Nytt år, nye moglegheiter – igjen

Ei melding tikka inn på telefonen min med dette bildet:

«Har du skrive dette?»

Eg tenkte meg om. Ingridkultur? Eg kunne ikkje hugse namnet. «Nei», svarte eg. Men det var jo litt gøy at nokon hadde brukt kallenamnet mitt frå ungdomstida i førre årtusen, Syv, for å skrive om postkolonialisme. Kva slags blogg var eigentleg dette? Eg klikka meg inn på nettsida, og blei nokså overraska over at det viste seg å vere bloggen min med notat frå då eg studerte til mastergrad i norsk. Den hadde eg heilt gløymd! Etter ei rask gjenomlesing skjønte eg også at dette ikkje er første gong eg har gløymd denne bloggen. Dermed er det ein tradisjon, og jula er jo tida for tradisjonar. Då passar det godt å følge tradisjonen med å relansere bloggen med eit nytt norskfagleg innhald no i starten av januar.

Sidan sist har eg nemleg blitt ferdig med mastergraden i norsk og jobba nokre år som norsklærar. No er eg tilbake på Universitetet i Stavanger, denne gongen som doktorgradstudent. Forskingsfeltet mitt er innanfor berekraftig utvikling og litteraturundervisning. Kanskje kan denne bloggen vere ein stad der eg luftar litt tankar om kva i all verda det betyr at norsklæraren skal undervise i det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling? Me får sjå.

Fortsetting følger – forhåpentlegvis.

Kommenter innlegget